«Vi er verst». (Er vi verden?)
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Det har vel kanskje bygd seg opp over tid – ei slags dommedagskjensle, ein tiltakande pessimisme eg vanlegvis overlèt til langt meir høgtflygande filosofiske sjeler, ei lita sky som veks kvar gong eg vil sjå blå himmel.
Sjå! Sånne formuleringar brukar eg no! Det er ille. Eg skulle gjerne ledd det vekk, men i staden tek eg til tårene, og ikkje heilt sjeldan heller.
Enten det skuldast alderen eller tilgangen på informasjon eller algoritmer som er laus på meg eller mest sannsynleg kombinasjon:
Eg har aldri sett mørkare på framtida.